Debatt

«Biodrivstoff – en avgjørende klimaløsning»?

Dette er overskrifta i ein artikkel i Norsk Skogbruk Nr.2/2018, skriven av Martin Kristiansen, leiar av NOBIO. Eg stiller her nokre kritiske spørsmål til dette.



TEKST: TRYGVE REFSDAL, FORSTKANDIDAT

Mange har stor tru på biodrivstoff som eit alternativ til dagens utvinning og bruk av olje og gass. Men kor langt kjem vi med det?

BIOMASSE NOK TIL 120 DAGAR: Frå norsk sokkel tek vi opp olje og gass som tilsvarar om lag 4 millionar fat oljeekvivalentar per dag. – Når vi konverterer trevirke til flytande biobrensel treng vi om lag to kubikkmeter trevirke per fat oljeekvivalent Til ein produksjon av 4 millionar fat oljekvivalentar må vi då ha tilgang til om lag 8 millionar kubikkmeter trevirke. Per dag!

Etter 3 dagar ville vi ha brukt opp årleg stammetilvekst i norske skogar. Etter 120 dagar ville vi ha brukt opp 960 millionar kubikkmeter trevirke, om lag like mykje som den totale stammemassen i norske skogar, vakse fram over fleire generasjonar. Desse tala viser også kor dominerande fossil energi er, og kor van- vittig høgt verdas energiforbruk er.

Det norske uttaket av olje og gass er enormt høgt. Våre reservar av fossil energi i Nordsjø- en, Norskehavet og Barentshavet er danna over meir enn hundre millionar år, og vi tømer dei på langt mindre enn hundre år. Over tid er dette sjølvsagt ikkje berekraftig. I fylgje BPs Statistical Review 2017 står våre reservar av olje på norsk sokkel for 0,4% av globale oljereservar, og vi står for 2% av glo- bal oljeproduksjon. Dette fortel oss at Noreg tappar ut sine oljereservar fem gonger raskare enn verdsgjennomsnittet.

I denne samanhangen er biomassen i våre norske skogar meir som ein liten parantes. Like vel er bioenergi nyttig; biomasse er ein verdfull ressurs som må takast vare på og som kan nyttast, også til energi. Mest nyttig som energi er den som fast brensel.

Les hele innlegget i Norsk skogbruk nr 4.