Debatt

Soga om ein tiurleik

Våren 1950: Han morbror spurde om eg ville vera med på tiurleik. Sjølv hadde han 20-30 års erfaring i dette faget. Truleg såg han i ungguten ei gryande interesse for natur. Det var enkelt å seia ja til den invitasjonen.



 

Den natta sette varige spor. Etter godpraten i soveposen på ei barseng i Rundehaugen var ordren frå han morbror klar og tydeleg: «Lydane frå no og til spelet er slutt i morgon tidleg er det ikkje me som skal laga, god natt.» Eg fekk med meg ein veldig viktig lærdom den natta. Eg lærde å

ERFAREN: Olav S. Haugse er skogeigar i Granvin, Vestland. Han er ein ihuga skogbrukar, I sitt yrkesliv var han sagmeister på Granvin Bruk. Men han er og ein mann med auge for naturen rundt seg. Her fortel han med eigne ord om tiurleiken han har vitja i 72 år.

lytta, uten sjølv å delta. «Natta har sitt eige språk, dei nattaktive kommuniserar no. Det er berre på ei læge under open himmel du får dette heilt inn på livet. Denne leiken må du ta vare på», sa han morbror.

Bortsett frå det eine året i militæret har eg årleg overnatta på leiken. I eit travelt ungdoms­ og yrkesliv vart det gjerne berre ein gong årleg. I seinare tid 7–9 årlege overnattingar.

Mitt store dilemma har berre auka på med åra. Utfordringa er at eg er levande interesert i både tiur og skog. Det vil alltid vera konflikt mellom natur og næring. Meldingane frå verne ­interessene er klinkande klare: «Vil du bevara leiken må området og omgjevnadene rundt liggja som før. Planting av gran er med andre ord ikkje akseptert.» Sjølv hadde eg ein urealistisk kongstanke: Kan me ikkje leva godt i lag?

Frå 1950­-talet og ca 40 år framover hadde eg årlege hogstar i den gamle og glisne furuskogen. Om våren planta eg hogst­feltet til med gran. Komen til det gamle kjende leikområdet, på 20–30 dekar, hoppa eg over det og fortsette på andre sida. Fuglane aksepterte dette og hadde sine årlege samlingar som før på same staden.

Så fram til våren 2018: På mi første overnatting 24.04. hadde 3–4 hannar etabert seg på sine revir, venta på røyene. 27.04. berre 2 hannar, ingen røyer. 30.04. ikkje ein fugl på leiken! Djupt såra og vonbroten kraup eg ut av soveposen klokka fem og tråla det gamle kjende området, ikkje ein fugl. Så gjekk eg opp i øvre kant av det store granfeltet i hogstklasse 3. Framme på ein bergknaus vart eg stoppa av kjende lydar. Min påstand: Dette var ein av mine aller største naturopplevingar! Nede i tjukkaste granskogen var det eit liv uten like. Klunking, flaksing og slåsting over store område. Såg ingen ting, men du verda for eit lydbilete! I djup takk­semd og erbødig respekt vart eg sitjande i over ein time og berre lytta. Fuglane fortalde meg: «Me kan leva i lag.»

På ettermiddagen flytta eg teltet til eit lite ope myrdrag, midt inne i tette granskogen. Full klaff ! Etter den tid er dette sjølve leiksenteret. Lite ser du, men med litt fantasi kan eit lydbilete fortelja like mykje som det auga ser. Det er gjerne størst aktivitet i grålysninga, før det er fotolys. Berre det å liggja vaken i ein god og varm sovepose, ta til seg alle lydar, fantasera om naturen sitt uforståelege samspel er for meg det aller største.

Sjølvsagt leitar me etter årsak til at fuglane flyttar inn i 30–40 år gamal tett granskog, vegg i vegg med det gamle kjende opne området. Me skal vera veldig varsame med å tolka naturen sine forunderlege krumspring. Men teoriar har me lov å ha. Min er vern mot

PÅ VAKT: Leiken i Granvin har jevnleg besøk av kongeørn. Det gjer fuglane ekstra vaktsame og er truleg orsaka til at dei spelar i dei tette plantefelta.

kongeørna. Observasjonar har vist at denne er, for tiuren, den «store stygge ulven». I tette granskogen møter ørna både taket og veggen. For alle levande vesen, både dyr og planter, er det å finna den mest effektive overlevingsteknikk sjølve fundamentet.

Heile livet har han morbror sitt pålegg fylgt meg: «Denne leiken må du ta vare på». Eg vart for sein til å spørja kva han la i dei orda. Det kan sjølvsagt diskuterast om det er rett av meg å gjera dette leikområdet kjendt. Eg har landa på å leggja til rette for at spesielt interesserte skal få oppleva dette vår­eventyret, med hus og telt til overnatting i området. Dette fungerar ogso som ei god vaktmeisterteneste. Men i 2021 vart ein «ubeden gjest» observert kl 07.15 vandrande ope inne på leiksenteret – midt i høneveka. Totalt uakseptabelt! Mitt krav er at eg til ei kvar tid skal veta kven som er i områdetog at dei bind seg til å fylgja «spelereglane». Dette har fungert veldig bra. Bestanden har truleg aldri vore så stor. I tett gran­skog over store område er det uråd å seia eksakte tal. Rimeleg sikkert 15­20 hannfuglar og betydeleg fleire røyer. I fjor hadde Kongen 13 røyer rundt seg på ein gong.

Min konklusjon etter 72 års observasjonar: På tross av uroelement som gran, skogsbilveg gjennom leikområdet, lysløype i nærområdet, mykje brukt turområde osv. har bestanden berre auka på. Ro i speltida er etter mitt syn det avgjerande viktige! Med kunnskap og respekt for kvarandre kan me leva i ein lukkeleg symbiose.