Debatt

Karbonfangst i tømmer

Norsk Skogbruk har i nr 3, 2023 ein artikkel om dette temaet. Artikkelen er omfattande og godt illustrert, men sant å seia, var det ikkje lett å bli klok på tankegangen.



 

TEKST: JON BOJER GODAL

Det er greitt at klorofyllet samlar solenergi. Ein netto av opptaket blir lagra i form av tømmer, stubbar, kvist, bar og jordsmonn. Såleis har vi eit karbonlager i skogen som er meir enn tømmer. Vi blir nøydde til å sjå nærare på om-grepet sirkulært C. Barnålene i grana er skifte ut etter syv år. Dei fell til marka, går inn som del av humus for så etter eit visst tal år gå attende til luft for så igjen å gå inn i barnåler og bli til tømmer, bar og humus. Vokstergrunnen så vel som måten vi skjøttar skogen på avgjer mengd av og karakter på strøfall og humus.

 

I SAMBAND MED CO2 og luft er det viktig å ha for seg at det karbonet som er bunde i trea og humusen er sirkulært. Det går frå tre til humus og frå humus til luft , for så å på nytt bli teken opp av vegetasjonen. Så lenge denne prosessen var uforstyrra av andre C-kjelder heldt mengda av CO2 seg temmeleg konstant, og det er målt over ein periode på dei siste 700 000 åra (i isen på Antarktis).

 

DET ER VIKTIG å ha for seg at ein overraskande stor del av karbonet er sirkulært, og det er knytt til biologisk aktivitet. Samt av dette sirkulerer gjennom året. Det er planter som overlever vinteren som frø. Frøa spirer, veks og døyr gjennom ein vekstsesong. På den hi sida har vi planter som kan bli fleire tusen år gamle, men også desse skogkjempene døyr og går attende til luft.

 

I MYR ROTNAR det ikkje. Myrene byggjer seg såleis opp over tid dei har til rådvelde mellom istider. Det dreiar seg om 10 000 til 20 000 år. Ein dag puffar isen dei til sides og dei vil sedimentere i hav eller gå attende til luft. Tilsvarande har vi mineralsk kol i jordskorpa. Det har kanskje ein syklus på 100 millionar år. Olje og gass har enno lenger omdriftstid. Jamvel somme av bergartane våre har kome i stand ved bio logisk aktivitet. Det er slike bergartar som kalkstein og apatitt (som er fosforkjelde). Då talar vi kanskje om sirkulasjon over ein milliard år.

 

I TILLEGG TIL den biologiske aktiviteten som fører karbon, kalsium og fosfor inn i sirkulære laup, har ein den geologiske. Det er stoff i jordkjerna innafor den kaldemantelen. Jordskorpa er ikkje heilt stiv. Ho bølgjar og sprekk slik at vi får vulkanar med gloande masser frå det indre av denne merkelege kloden som vi bur på.

 

PÅ SETT OG vis er det slik at alt vi har føre oss av livsformer, og førekomstar i eitt eller anna perspektiv er å forstå som sirkulært, men med ganske store skilnader når det gjeld radien i sirklane.

 

DEN DAGEN VI får istid lyt livet på jorda omorganiserast temmeleg kraftig. Slik sett er det grunn til å gå inn for at sirkulasjonar som går over lengre tid enn mellomistidene er å forstå som ikkje-sirkulært. Alt som går for seg i mellom-istidene så vel som i istidene er å forstå som sirkulært. Istider dreiar seg om 60 000 år og mellomistider 10 000 til 20 000. Nett no er vi inne i ei mellomistid som skal vare i 20 000 år. Det baserer seg på prognoser for korleis jordbanane kring sola pendlar.

 

NÅR VI TALAR om klima no for tida, gjeld det først og fremst den delen av karbonet som i perspektivet av istider ikkje er sirkulært. Det er jordolje, mineralsk kol og gas. Dei ter seg som fossile. Sirkulasjonen dreiar seg om tidsspenn som svarar til mange istider. Myrene er i ei mellomstode. Dersom vi let vera å taka ut myr, kan vi sjå på dei som fossile. Dei vil ikkje døy innafor tidsspennet av ei mellomistid på sama måten som dei einskilde organismane gjer det. Jamvel jordyrking er med i vurderingane av utslepp av karbon til atmosfæren. Ein del av lagra humus kan gå attende til luft.

 

VI DRIV MED lagertøming og i ein ufatteleg stor dimensjon. Det årlege uttaket av fossilt brennstoff dreiar seg om eit volum på ca ni km3. Det har ført til ein auke av atmosfærisk karbon. Det har no eit nivå som er 1,6 av det nivået vi hadde før industrialiseringa skaut fart. Såleis er spørsmålet: Korleis skal vi få til å tøme overskottet av CO2 ut av lufta?

 

VI VEIT AT kring halvparten av det som blir spydd ut for-svinn. Det tyder at det blir teken opp av vegetasjon og av havet. Når mengda av CO2 aukar, vil alt det grøne kunne vekse fortare. Såleis er det målt opp til 30 % auke tilvekst i skogane våre. Alle grøne planter vil vekse fortare så lenge som det er tilgjengleg jordsmonn og så lenge det finst høveleg jord som plantene kan røte seg i.

 

DET SOM HAVET tek opp, gjer det surare i tillegg til at organisk materiale frå alger og plankton byggjer seg opp som sediment på havsbotn. Det kan i si tid bli til gass eller olje. Denne sedimentasjonen er viktig, men han går sakte.

 

FOR Å NYTTE skogen til å taka karbon ut av lufta dreiar det seg då om to relasjonar: Tømmeret kan få stå lenger og bli eldre før vi høgg. Som kjent legg trea på seg år for år. Tømmer blir omsett i volum. I volum aukar tilveksten i dei unge trea til eit maksimum for så å falle. Utrekning av hogstmogning basert på volumtilvekst avgjer det vi kallar hogstmogningsalder.

 

VEKSTEN I VEKT (altså i kor mange kg CO2 trea fangar) varer mykje lenger en tilveksten i volum. I laupet av livs-laupet endrar densiteten i trea seg frå kring 370 til over 600 (i gamle tre på god jord). Baserte vi hogstmogningsalder på grunnlag av vektauke ville bartrea våre stå mellom 30 og 100 år lenger enn det som vert rekna som optimalt når vi reknar etter volum. Furu bør bli minst 150 år. Ho har sin beste kvalitet når ho er kring 200 eller litt over det. Eik av super kvalitet er 400 år.

 

OM VI GJEKK over til omsetting av tømmer etter vekt, ville vi såleis koma til å lagre meir CO2 i skogane våre. Dette vil likevel berre vera ei utsetjing på kort sikt. Vi er framleis innafor det vi lyt rekne som levealder for ei organisme som i sin tur skal ut av livet og bli erstatta av yngre generasjonar. Karbon i tømmer er sirkulært.

 

Å FÅ KARBON ut av sirkulasjonen er så leis den sentrale oppgåva. Korleis kan vi lagre lenge? Det er teknisk mogleg med fangst og lagring av CO2, men kva er den reelle kostnaden? Kva treng vi av energi for å få det til?

 

REKNA I ENERGI er den tvillaust billegaste måten for å bli kvitt overskotet av karbon i atmosfæren, å nytte tømmer i byggverk. Ein kilo tømmer lagrar to kilo CO2. Om vi vil, kan vi bygge metertjukke tømmerveggar. Kubbevegg er ein av dei enklaste, og som vi veit passar til varige vermde hus. Det er tre og leire. Laft er også bra, og kanskje best om vi lagar doble veggar og fyller mellomromet med organisk materiale. Då lagrar vi meir tømmer og isolasjonen blir betre. Hus over hus er eit flott og gjennomprøvd prinsipp her til lands. Dei var især praktisert i det vi kalla raude låvar si tid.

 

TRE I HUS kan vâre i mange hundre når dei blir bygde på ein god måte og av god nok material. Husa lyt dertil bli stelte med i perspektivet av at dei skal stå i 1000 år. Dei eldste trehusa vi har er så gamle. Kanskje dei står etter eit tusenår til?

 

SVARET PÅ SPØRSMÅLET er korleis vi skal få CO2 ut av lufta har eit enkelt svar: Gå over til omsetting av tre med prising etter vekt, og for bygningstømmer av furu sin del etter vekt av kjerneved.

 

VI LYT LIKEVEL ha dimensjonane klart for oss. Samla tilvekst i skogane våre utgjer eit volum tømmer som i energimål svarar til halvparten av det som vi slepper ut av fossilt basert CO2. Skogen kan hjelpe. Utan å minske utsleppa til noko i retning en fjerdedel av det som det er i dag, vil tiltak kunne senke utviklinga, men ikkje hindre auke av CO2 i lufta. Vi lever i ei dramatisk tid. Vi kjempar mot ei klimakrise, og uvisst er det kven som vinn.

 

Les mer fra Norsk Skogbruk Nr 4