Aktuelt

Vi treng alternative driftslag

Hogstmaskinene er effektive. Dei legg bak seg vanvittige mengder tømmer kvar dag, men kva med kvaliteten?



TEKS: JON BOJER GODAL, SKOGBRUKER OG FORFATTER

Personleg held eg på med bygningsvern og bygging av tradisjonsbåtar. Då vil vi helst sjå trea på rot før dei vert hogne. Det har med karakteren på bork og kvist å gjera. Dei fortel mykje om det vi møter inne i treet.

Vi undersøkjer også ofte vekstrytme i treet. Vi vil helst ha tre som har vakse sakte i ungdomen såvel som i dei siste 20–50 åra før hogst. Sakte vokster i ungdomen fortel om grann kvist i nedste delen av stamma. اون لاين بلاك جاك Dertil blir alderen høg i høve til dimensjon. Det tyder sterk ved. Sakte vokster dei siste åra tyder høg del kjerneved. Det tyder varig vyrke både på gran og furu.

Når vi då har funne fram til vyrke som ser godt ut, er det om å gjera å stelle så fint som råd med dette til det er i hus eller farkost. Å stelle nt tyder at ytste årring skal vera så heil som råd. Dertil er det mest e ektivt om det er kvista innåt, slik at vi slepp å taka kvisten ein gong til. Noko av det hardaste arbeidet med å stelle i stand tømmer er å ru vekk stubbar og knubbar av delvis tørka kvist.

Tidstudiar syner at det kan taka opp til 12 timar per m3 tømmer å pusse vekk det som er skadd eller ikkje gjort på maskinhogge tømmer. Slikt tømmer er altså svært dyrt før det er på plass dit det skal i eit byggverk. Skader som er påført er også innfallsvegar for sopp. Vi har mange døme på at grabbespora frå hogstmaskinas valser nærast fungerer som såsenger for blåvedsopp. Som kjent brøyter blåvedsoppen opp løyper for andre nedbrytarar som kjem etter.

Vi undrar oss ofte kvifor nytt tømmer lagt inn i gamle hus rotnar fortare enn det opphavlege tømmeret i byggverket. Vi ser døme på rotning etter 20 år på nytt tømmer i hus som kan vera både 500 og 700 år gamle. رهان المباريات Årsakene til rotning er fleire. Hogstmaskinene skal ikkje stå åleine med skulda, men dei er ein del av henne.

Såleis ter det seg som svært nyttig og tenleg om det vart etablert alternative driftslag med manuell hogst, gjerne kvisting med øks og framdrift med hest eller snøscooter. Mange stader vil også traktor med vinsj vera greit, men for tynningsvyrke og uttak av einskilde tre inne i bestand er han litt klønete. Det har lett for å bli skade på tre som står att. bet 365 Det er stor interesse for hest til fritidsbruk her i landet. Om ein del av denne interessa vart kanalisert i retning av køyring og framkøyring av vyrke ville ikkje dette vera mindre interessant for dei som har hesten som kamerat. Dertil ville vi løyse eit problem som diverre mange strir med.