Samfunnsøkonomane skil mellom fullkomen konkurranse eller fri konkurranse på den eine sida og ufullkomen konkurranse på den andre sida. Innan skogsektoren i Noreg er det heilt klart ein ufullkomen konkurranse i dag med få kjøparar og mange organiserte seljarar som har gått inn i eit tett samarbeid salskartell.
Tekst: Hans Øy, skogeier og pensjonert skogøkonom
Bedriftsstruktur og avstandar har ført til klare monopol på sagbrukssida i mange geografiske område. Dette gjer at kjøparen har stor marknadsmakt. Ein kan då få eit resultat som inneber at ressursane ikkje er effektivt utnytta ut frå ein samfunnsøkonomisk vurdering.
SKURPRISTABELLEN ER ULIK I SVERIGE OG NOREG
Situasjonen på den norske marknaden for skurtømmer er ulik den svenske. I Sverige er det reell konkurranse mellom fleire kjøparar innan same avtaleområde, og mange av dei store kjøparane er bolag som er integrerte med skogbruk, treforedlingindustri og sagbruk, slik som SCA. I den meir konkurransefrie svenske skurtømmer-marknaden er det full informasjon om skurtømmerprisen. På vår heimlege marknad er ikkje tømmerprisane offentleggjort på same måte. I tabell 1 er det vist dagens tømmerprisar som SCA publiserer. Dei svenske prisane er rekna om til norske kroner. Som ein ser blir dei store dimensjonane sterkt underbetalte her i landet.
FEIL PRISING
Sagbruksindustrien i Noreg er interessert i størst mogleg tømmerkvantum og reknar truleg marginalt når det gjeld dei små dimensjonane. Dei store norske sagbruka har sagbruksliner som gjer det mindre lønsamt å skjere tømmer med toppdiameter over 26 cm. Spesialsagbruk kjøper grovt tømmer til spesialprisar. Dette blir skore til «villmarkspanel» og til laftetømmer. Volumet til desse bruka er relativt lite.
Eg har samanlikna skurtømmerprisane til
SCA med prisane til Sveaskog og Billerud- Korsnäs Prisspenninga mellom ulike tøm- merdimensjonar er svært like dei som kjem fram i tabell 1 for SCA. Det er interessant at konklusjonane frå ein større skurundersø- king, som eg var med å utføre ved Institutt for skogøkonomi i 1971, er samsvarande. Seinare skurundersøkingar ved Norsk Treteknisk Institutt viser at skurtømmer med
toppdiameter over 26 cm har 80% høgare skurutbytte enn tømmer med toppdiameter på 14 cm. Ser vi på tabellen betalar SCA i dag 79% høgare tømmerpris for skurtømmer med 26 cm i toppdiameter i høve til tømmer med toppdiameter på 14 cm.
NEGATIVE SAMFUNNSØKONOMISKE KONSEKVENSAR
Dei negative samfunnsøkonomiske konsekvensane på tømmermarknaden er lette å peike på, eg skal nøye meg med fire moment.
1. Skort på informasjon om tømmerprisar gjer at den einskilde skogeigar ikkje kan allokere tømmeret slik at han får ein maksimal pris.
2. Den flate prisspenninga gjer det økonomisk lønsamt å korte ned omlaupstida. NIBIO viser i rapport 04/2015 at mellom 23 og 33 prosent av areala blir avverke før bestandet når hogstklasse V. Areala i hogstklasse V er etter resultata til Landsskogtakseringa 36% og aukar for kvart år.
3. Bindinga av CO2 kunne bli mykje større ved forlenging av omlaupstida.
4. Ein større prisspenning for dei grøvre dimensjonane vil føre til at bestand i hogstklasse V med høge driftskostnader kan bli relativt sett meir lønsame enn i dag. Det må vere ein utfordring for sagbruksindustrien å utnytte dette inntekstpotensialet.
AKTUELLE TILTAK
Eg trur det er på tide at partane som driv tømmerprisforhandlingar kan semjast om ein grunnpristabell som tek omsyn til verdiskapinga til tømmeret. Dersom Klima- og miljødepartementet ønskjer optimal CO2- binding, kan det vere aktuelt å gje tilskot som fremjar forlenging av omlaupstida i produktive bestand.
Det må bli full informasjon om tømmerprisen i marknaden til ei kvar tid. Slik det er i dag er min konklusjon at tømmermarknaden ikkje fremjar ein samfunnsøkonomisk effektiv utnytting av skogressursane.
Se tømmerprisene i hele landet i hvert Norsk Skogbruk.