Miljødirektoratet vil binde karbon i granskog, naturvernarane sit stille i båten

Den 3. juni kom Miljødirektoratet sin omfattande rapport Klimatiltak i Norge fram mot 2030. Her er det lista opp 85 tiltak for å redusere utslepp innanfor dei aller fleste sektorar. Av desse er det klimaskog som skil seg ut som ein positiv klimaleverandør: Skogen bind og lagrar karbon direkte frå lufta gjennom fotosyntesen.

 

TEKST: OLE BAKKEBØ, TIDLIGERE LANDBRUKSDIREKTØR

«Alle» snakkar om karbonfangst og CO2 for tida

– ein slags diffus, skummel og usynleg gass? Men den aller beste illustrasjonen av karbon er ein tømmerstokk: Skog er karbon lagra på rot! I våre dagar har det vorte populært å klemme på eit tre: Nærare kan ein ikkje komme inn på karbon.

FOTOSYNTESEN ER OVERLEGEN

Fotosyntesen slår enn så lenge ut samtlige prosessar som føregår i laboratorier kloden rundt, der folk i kvite frakkar med reagensrøyr jobbar med nye måtar for å binde karbon. Til forskjell frå dei andre tiltaka i rapporten, så har karbonbinding i skog ein dobbelt rolle: Naturressursen skog blir når den er utvaksen (etter f.eks. 80-100 år) foredla til trelast, papir trefiber osv, som er essensielle byggesteiner i det «Grøne skiftet» som alle snakkar om, og i særleg grad politikarar om dei får tak i ein mikrofon. Men då får vi som regel høyre leksa om vindmøller, elektriske biler, sparedyser og om rødt kort for rødt kjøtt.

MEN SKOGREISINGA VAR IKKJE DAUD

Paradoksalt nok kjem denne svære satsinga på kllimaskog i Miljødirektoratet sin regi same året som den offentlege skogreisinga i Noreg fyller 70 år. Dei fleste natur- og miljøvernarar såg fram til eit stille dødsleie med berre ein liten flokk gamle forstmenn i gravferda. Men så reiser altså fugl fønix seg opp frå kista

– vekt til live av sjølvaste Miljødirektoratet: Granskog i god vekst har fått vitenskapelig godkjentstempel som ein eineståande og positiv klimaaktør

– kloden rundt.

ATTGROING TRUAR

Som dei aller fleste har fått med seg, så gror utmarka og vestlandsliene ned av krattskog

– som ingen kommersiell nytte har og mest er til ulempe for folk flest. Det gjeld no å ta i bruk desse areala for å skape verdiar gjennom den «nye skogreisinga». Areala er gamal beitemark som gror igjen fordi sauen ikkje makter å halde beitetrykket oppe i «kampen» mot fotosyntesen. Og verre blir det no når sauen

– med sitt røde kjøtt

– vert bannlyst i dei nye kostholdsråda som nyleg vart presentert. Då vil det over tid dreie seg om oppbygging av enorme attgroingsareal langs kysten nordover og opp mot fjella i heile landet

Landskapa våre kan forståast som politiske landskap, forma over tid av landbrukspolitikken. Men heretter ser det ut til at Helsedirektoratet ynskjer å setje seg i framsetet? Uten sau og storfe gror landskapet raskt att, godt hjelpt av klimaendringar som varme, fukt og lengre vekstsesongar. Då kunne vel grana

– som klimaskog

– utnytte vekstpotensialet på deler av desse attgroingsareala?

EIN DEL AV LØYSINGA

Norsk skog bind årleg netto opp 15,5 mill tonn CO2ekvivalentar gjennom fotosyntesen. Det er omlag 1/3-part av Norge sitt totale utslepp. Miljødirektoratet meiner det haster med offensive tiltak i skogen om Norge skal nå sine klimamål. Direktoratet vil naturlegvis avgrense klimaskogareal mot viktige biotoper/landskapstyper og verneområder. Alle er innforstått med at dette berre er ein del av løysinga, men prinsippet i denne klimadebatten er at alle monner dreg

– inkludert sparepærer.

GÅ UT OG PLANT!

Løysingar på klimakrisa med sine mange, dystre perspektiv, utfordrar forholdet mellom skogforvaltning og klassisk naturvern: Det må finnast ein ny balanse. Haldninga frå nikkersadel og naturvernarar mot skogplanting med spisse barnåler og skogsbilvegar, bør endrast fra skepsis til aksept. Omvendelsen er no velsigna av Miljødirektoratet og budskapet er klart

– vi er i ferd med langsomt å bli steikt.

Tida er inne for at naturvernarane reiser seg frå tastaturet, tek på seg gummistøvlane og melder seg med plantehakke for meir handfaste oppdrag.

 

Les mer fra Norsk Skogbruk Nr 9

Skroll til toppen