Visst stod der vilt mykje tømmer på Tande

I to artiklar vil eg presentere resultat frå eit langsiktig feltforsøk i Øyer kommune, Innlandet. I artiklane tek eg opp resultat frå produksjonsmålingar, inkludert utrekningar av karbonbinding, deretter ein om stokkutfall og verdiproduksjon frå hogsten våren 2023.

BAKGRUNN

I 1984 la NISK (NIBIO) og skogetaten i Oppland ut eit tynningsforsøk i eit 22 år gamalt plantefelt av gran på garden Tande i Øyer. Feltet vart sluttavvirka våren 2023. Produksjonen har vore svært høg og fortel mykje om kva me kan oppnå av produksjon i einsaldra skog på god mark.

Figur 2: Total grunnflateproduksjon i høve til overhøgde.

Feltet vart planta med 2/2 barrot-planter i 1962 på mark som tidlegare hadde vore byggåker/eng. Feltet ligg i ei søraustvendt lid med god vasstilgang, 525 meter over havet. Skogetaten i Oppland arrangerte skogdag der etter revisjonen i 2018. Då var overhøgda over 25 meter og ståande volum var 1123 m3 per hektar i utynna rute. Der var ein del vindfall i ei tynna rute og dermed fare for at vindfellinga kunne tiltaka. Skogeigar Østen Tande var likevel viljug til å overhalda feltet i nokre år for å få sjå korleis det utvikla seg. Hausten 2022 reviderte NBIO feltet for siste gong. Kalstad Maskin stod for hogsten og tok ekstraarbeidet med å hogge kvar forsøksrute for å få stokkutfall frå kvar rute. I denne bratte lia var ikkje det ei lett oppgåve, men hoggaren, Kenneth Nyhus frå Gausdal, løyste den på framifrå vis.

FORSØKSOPPLEGG OG UTREKNINGAR

Feltet vart planta på 1,8 meter forband. Forsøket hadde tre forsøksledd, med ei rute av kvart ledd: A) Ei tynning frå 3150 tre til 1400 i 1984 og deretter urørt. B) To tynningar; frå ca. 3325 til 1600 tre per ha i 1984, deretter frå 1600 til 1000 tre per ha i 1992 og deretter urørt. C) Utgangstettleik 3500 per hektar og urørt gjennom heile omløpet. Kvar forsøksrute var 30×30 meter, med ei indre rute på 20×20 meter der alle trea vart målt ved kvar revisjon. For å korrigere for litt ulik bonitet mellom rutene er overhøgda jamna ut i høve til totalalderen og deretter er total grunnflate og volumproduksjon samanlikna ved same overhøgde. Overhøgda (Ho) på dei ulike rutene er jamna ut med same funksjon som Bjørn Tveite bruka til å lage grunnkurva for bonitet G17.

OVERHØGDEUTVIKLING

Ved fyrste revisjon og forsøksstart i 1984 var overhøgda for rutene ei tynning, to tynningar og urørt høvesvis 10,4, 10,9 og 11,7 meter, som tilsvarer bonitet G23,1 for urørt ruta. Som ein ser av Figur 1 har overhøgda i urørt ruta og ruta med to tynningar vore såpass lik utover i omløpet at skilnadar i produksjon, diameterfordeling med meir, i hovudsak må skuldast tynninga.

UTVIKLING I GRUNNFLATESUM

Figur 3. Årleg avgang av tre i prosent av tretalet for urørt rute og ruta med ei tynning. Ruta som vart tynna to gonger hadde ikkje anna avgang.

Då forsøket byrja i 1984 var grunnflatesummen før tynning litt høgare i den ruta som vart tynna to gonger, enn i urørt ruta. Ruta som vart tynna ein gong hadde noko lågare grunnflatesum før tynninga byrja. Straks etter tynninga i 1984 vart fleire av dei grøvre trea der vindfelte. I åra etter har vinden felt fleire av grannetrea. Denne avgangen utanom tynning gjeng fram av Figur 3 og resulterte i at den total grunnflateproduksjonen ved overhøgde 25 meter berre vart om lag 85 prosent av kva den var i dei to andre rutene. Grunnflatesummer for levande tre i utynna rute var heile 89 m2 per hektar ved siste revisjon.

NATURLEG AVGANG

I Figur 3 er avgang i prosent av tretal ved byrjinga av kvar revisjonsperiode, sett opp mot S prosenten. I ruta som vart tynna to gonger har der ikkje vore nokon avgang utanom tynningane. Men vindfellinga i ruta som vart tynna ein gong, er truleg delvis eit resultat av at tynninga i granneruta opna bestandet slik at vinden frå søraust fekk betre tak. Desse to tynna rutene syner kor godt eller gale det kan gå med omsyn til avgang etter tynning. Avgangen i urørt ruta har stort sett vore av små og verdilause tre, men i dei to siste revisjonsperioda har det teke til å daude tre blant drivbare dimensjonar. Ved siste revisjon var S-prosenten nede i 6,7. Sjølvtynninga har i dette tilfelle slege inn ved vesentleg lågare S-prosent enn det Helge Braastad fann i sine undersøkingar i granskog. I fleire av NIBO sine feltforsøk ser det ut til at sjølvtynninga slår inn ved lågare S-prosent enn tidlegare undersøkingar har synt. Dette kan tyde på at skogen, i alle fall stadvis, kan stå tettare.

TOTALPRODUKSJON

Figur 4. Total produksjon i høve til overhøgde.

Den totale volumproduksjonen i urørt ruta har vore mykje høgare enn i dei to tynna rutene ved same overhøgde (Figur 4). Rett før slutthogsten var overhøgd 27,6 meter i ruta som vart tynna to gonger og totalproduksjonen var 1014 m3 per hektar. Estimert totalproduksjon i utynna rute ved same overhøgde var 1254 m3, som er 22 prosent høgare totalproduksjon. Etter at forsøket byrja i 1984 har urørt ruta produsert 1099 m3 per ha, ruta som vart tynna to gonger har produsert 801 m3 i same tidsrom og har ikkje hatt avgang etter tynningane byrja. Dei to tynningane har her utvilsamt ført til eit nokså stort produksjonstap, men som me skal sjå i neste artikkel gav tynningane monaleg auke i middeldimensjonen. Vindskadane i ruta som vart tynna ein gong gjorde at totalproduksjonen ved same overhøgde berre vart 75 prosent av produksjonen i utynna rute.

NETTOPRODUKSJON ETTER TYNNING

Figur 5. Nettoproduksjon etter siste tynning i 1992 til sluttavvirking våren 2023.

Differansen mellom ståande volum i 2022 og ståande volum etter siste tynning i 1992, for dei ulike rutene er synt i Figur 5.

Dersom ein justerer for bonitetskilnaden mellom rutene ved å dividere netto tilvekstvolum for heile denne periode på endringa i overhøgde i same tidsrom finn ein at nettotilveksten i utynna rute har vore om lag tretti prosent høgare enn i den ruta som vart tynna to gonger.

KARBONBINDING I LEVANDE TRE

Figur 6. Karbonmengder i levande tre i utynna rute (triangel symbol), årlege verdiar er estimert med Strand sin funksjon. Middelverdiane frå planting til ein gjeven alder er den kumulative summen fram til hogsttidspunktet dividert på tida.

Det er og av interesse å sjå på kor mykje karbonlager eit slikt bestand kan bygge opp. I Figur 6 er utviklinga i karbonlageret levande tre i utynna rute synt saman med estimert gjennomsnittleg lager frå planting og kumulativt over år. Ved revisjonen hausten 2022 var karbonmengda i levande tre i denne ruta 388,4 tonn per hektar. Gjennomsnittsmengda frå planting til ein gjeven alder er integralet av den utjamna kurva dividert på tida. Denne midlare karbonmengda frå 1962 til 2022 var 170 tonn per hektar (stipla line). Rapport frå Skogforskingen, supplement 14, syner at i norske granskogar er gjennomsnittleg karbonmengde i jorda kring 16 kg per m2, eller 160 tonn per hektar. I tillegg til karbonet i levande tre har skogbotn sjølvsagt vorte tilført store mengder karbon frå strøfallet og frå mykorrhiza-sopp som det ofte kan vera eit stort mangfald av i planta skog, sjå NIBIO Rapport 63, 2020.

KONKLUSJONEN

På næringsrik mark med frisk råme kan ein med god skjøtsel oppnå ein middeltilvekst på over 20 kubikkmeter per hektar. Resultata bør mane til ettertanke no når Landskogtakseringa rapporterer at granvolumet i Noreg er på veg ned. Potensialet for å bygge opp mykje større tilvekst, volum og karbonlager i norsk granskog er utvilsamt til stades, men då må ein satse på snauhogst, planting med godt plantemateriale, og rett ungskogpleie til rett tid.

Skroll til toppen