Statskog vil modernisera norsk skognæring og inngår no ein avtale med ein svensk utviklar på jakt etter berekraftige løysingar, skriv Landbruks- og matdepartementet i ei nyhetsmelding.
– Me er heile tida på jakt etter forbetringar, både for å styrka vår eiga skogdrift og for å bidra med å utvikla heile den norske skognæringa. Dronebasert hogst er utruleg spennande og kan bidra med gode løysingar på utfordringar som skognæringa står i, seier administrerande direktør Gunnar Lien i Statskog i meldinga.
Det svenske selskapet Air Forestry driv i skjeringspunktet mellom hi-tech, kunstig intelligens, aggregat og batteritilhengarar.
– Regjeringa ser på skogen og verdikjedene som bygger på han som heilt sentrale verktøy for å lukkast med dei omstillingane som me står midt oppe i – det grøne skiftet og klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad i meldinga.
Statskog er den største skogeigaren i Noreg, og forvaltar om lag 5,5 millionar dekar produktiv skog. Statsforetaket vil med sertifisert og høgteknologisk drift bidra til at norsk skognæring blir ei sterk og viktig brikke i klimaløysinga.
Kilde: Statskog inngår avtale om dronebasert hogst – regjeringen.no