Det ser ut til å vere semje om at høgdeveksten på gran dei siste åra har vore betre enn venta ut frå Boniteten, men det er få påstandar om når denne auka veksten starta. Mine beregninger viser at overhøgdeveksten har vore omlag 40 prosent betre enn venta de siste 15 årene.
TEKST: BJØRN TVEITE, NIBIO
Det er i år 100 år sidan Det norske Skogforsøksvesen vart oppretta. I 1918 starta tre mann arbeidet med å legge ut forsøksfelt i ulike deler av landet. Eit hovedmål for instituttet var å studere produksjonen i ulike treslag ved ulik behandling. Det første året vart det lagt ut 14 prøveflater i einsaldra skog. Dette arbeidet heldt fram i åra framover. I tillegg måtte ein òg skaffe fram kubikktabellar for dei ulike treslaga. Alt i 1923 var
kubikktabellar for gran og furu ferdig. Dei var grunna på data frå felte prøvetre frå forsøksfelta.